Lov om jord (jordlova)
§ 1. Føremål
Denne lova har til føremål å leggja tilhøva slik til rette at jordviddene i landet med skog og fjell og alt som høyrer til (arealressursane), kan verte brukt på den måten som er mest gagnleg for samfunnet og dei som har yrket sitt i landbruket.
Arealressursane bør disponerast på ein måte som gir ein tenleg, variert bruksstruktur ut frå samfunnsutviklinga i området og med hovudvekt på omsynet til busetjing, arbeid og driftsmessig gode løysingar.
Ein samfunnsgagnleg bruk inneber at ein tek omsyn til at ressursane skal disponerast ut frå framtidige generasjonar sine behov. Forvaltinga av arealressursane skal vera miljøforsvarleg og mellom anna ta omsyn til vern om jordsmonnet som produksjonsfaktor og ta vare på areal og kulturlandskap som grunnlag for liv, helse og trivsel for menneske, dyr og planter.
Lov om odelsretten og åsetesretten
§ 1. Odelsrett kan hevdast til fast eigedom som kan nyttast til landbruksdrift og har ein viss storleik. Slik eigedom blir kalla odlingsjord. Den som eig odlingsjord når odelshevdstida går ut, blir kalla odlar.
Eigedom som det kviler odel på, blir kalla odelsjord.
Lov om jordskifte o.a. (jordskifteloven)
Lov om grannegjerde
§ 1. Føresegnene i denne lova gjeld berre når ikkje anna fylgjer av serlege rettshøve. Avtale om gjerdeskipnad gjeld framfor føresegnene i denne lova, når anna ikkje er serskilt sagt.
Gjerdehald ved offentleg veg og jarnveg går ikkje inn under lova. Lova gjev ikkje rett til å avtala, krevja eller ha gjerde som er i strid med lov eller vedtekter gjevne med heimel i lov.
Forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav.
Det er kome ny forskrift om gjødselvarer av organisk opphav,herunder husdyrgjødsel og silopressaft, og tidlegare forskrift om husdyrgjødsel er dermed oppheva.
Den nye forskrifta seier m.a. at spreiing av husdyrgjødsel ikkje skal skje på snødekka eller frossen mark, og ikkje i perioden 1. november - 15. februar. Spreiing skal så langt som mogleg skje i perioden våronnstart til 1. september, fortrinnsvis om våren.
Landbrukskontoret føresett at alle nyttar utvida spreietidspunkt med fornuft, særleg gjeld dette på teigar som ligg inn til vassdrag og boligområde. Missbruk av forskrifta kan måtte føre til seinare kommunale forskrifter med innskrenkingar.
